torsdag 30. september 2010

Øvingsoppgåve 5.1

Refleksjonar rundt det å bruke nettbaserte læringsressursar

Det finns etter kvart mange gode nettressursar som er retta mot elevar og lærarar. Sjølv brukar eg dette mykje i skulekvardagen, i ulike samanhengar. No er eg så heldig å ha interaktiv tavle (SmartBoard) i klasserommet. Etter at denne tavla kom, har eg nytta interaktive og multimodale program nokså hyppig; både ved gjennomgang av nytt stoff, som "krydder" eller som oppsummering av eit tema.

I denne samanheng vil eg spesielt trekke fram læreressursen “Multi-smarte sider”, som er laga i høve matematikkverket “Multi”. Sidene i læreverket Multi 1.-4. er her digitaliserte, og det opnar for at ein kan gjennomgå nytt stoff på ein interaktiv måte. Elevane får mellom anna gå fram til tavla og skrive inn sine forslag. Etter gjennomgangen, arbeider elevane med dei same sidene i bøkene sine. I tillegg til matematikksidene kan ein og nytte ein del tilleggsverktøy. Stoffet blir svært visualisert på denne måten, og eg ser at elevar som brukar lang tid ved innlæring av nytt stoff, får god hjelp av metoden. Dette ser eg fordi dei vert meir sjølvstendige i eige arbeid etter gjennomgang. 

“Multi-Smarte sider” er eit døme på ein lærarstyrt aktivitet. Her har lærar full kontroll på kva elevane brukar tida til. Meir kritisk bør ein vel vere om ein slepp elevane til med “klikk”, “slepp” og “dra” oppgåver,- i tide og utide. Denne type oppgåve ser eg at nokre elevar berre utfører utan å tenkje seg om. Det seier seg sjølv at læringsverdien då vert liten. Mange av desse programma som er knytt til eit læreverk, legg opp til same progresjon som læreboka. Derfor er det ikkje alltid føremålstenleg å gjere desse oppgåvene før ein har gjennomgått stoffet. Denne type program meiner eg derfor eignar seg best til overlæring og oppsummering av emne.

Det som er gledeleg å sjå, er at det kjem stadig gode og nye nettressursar til bruk i skulen. Mange av dei etablerte, utviklar seg og i positiv retning, ved at det vert fleire varierte oppgåver per emne/nivå. Å bruke slike ressursar i undervisninga synest eg skapar variasjon, og målet med det er sjølvsagt å “nå” fleire. Under finn de lenkjer til den refererte sida "Multi Smarte sider", pluss eit par andre som eg likar å bruke.

_______________________________________________________________________

[Internett] Tilgjengeleg frå: http://web3.gyldendal.no/multi/1-4smartetavler/
[Internett] Tilgjengeleg frå: http://godiord.samlaget.no/startsiden.cfm?lid=2
[Internett] Tilgjengeleg frå: http://stairs.cappelendamm.no/


tirsdag 28. september 2010

Øvingsoppgåve 2: Akademisk skriving

Denne oppgåva var frivilleg, og kunne leverast inn i fronter 27. september. Eg hadde tenkt å levere den inn, men hadde notert opp feil innleveringsdato. Legg den derfor ut her, så kan de på gruppa sjå svaret og eventuelt kommentere om eg er inne på noko….

fredag 17. september 2010

Første øvingsoppgåve i bloggen

På første samlingsdag hadde vi ei "bli-kjendt" runde. I det høve skulle eg intervjue Eirik frå Ulsteinvik.


På spørsmålet om kvifor han vil bli lærar, svarte han at han likar å arbeide med barn. Han synest det er kjekt å vite at han kan vere med å bidra til andre si læring.

Kvifor ta DKL-studiet?
Eirik har alltid hatt interesse for digitale verktøy, som foto, video og data. Han byrja på allmennlærarutdanning i Volda i fjor, men måtte avbryte studiet pga sjukdom. No vil prøve å fortsette studiane sine, og denne gong med eit årsstudium i DKL.