onsdag 16. februar 2011

Samansette tekstar

Foto: Meg sjølv
(Personane på bileta er min eigen familie. Alle har godteke at eg publiserer dette)


“Norskfaget forholder seg til et bredt spekter av tekster, både muntlige, skriftlige og sammensatte tekster, der skrift, lyd og bilder spiller sammen. Et norskfag for vår tid bygger på et utvidet tekstbegrep som inkluderer alle disse tekstformene.”

Dette sitatet er henta frå Læreplanar for Kunnskapsløftet, under formål for faget norsk.

Gjennom leksjonen samansett tekst, og gjennom studiet DKL101, har vi fått kjennskap til fleire nyttige verktøy som høver å bruke til samansett tekst. I dømet over har eg brukt verktøyet Comic Life, til å lage ein liten “teikneserie” med bilete og snakkebobler. I skulesamanheng har eg til no brukt programmet “Cartoonist der ein m.a.kan velje mellom ulike karikaturar og bakgrunnar. (Lenkja eg viser til har ein fin video om korleis ein kan bruke verktøyet) Fordelen med Comic life, er at ein kan setje inn eigne bilete, teikningar og foto. Slik sett får ein eit nærmare forhold til eige produkt. Programmet er enkelt og kjekt å bruke, og eg vil tru at elevar frå 5. klasse ikkje har problem med å meistre det.


Eg har laga ei historie av ei lita kvardagshending sommaren 2010, der vi fekk besøk av ein mink på kaia. Historia er eit døme på korleis ord og bilete heng saman. Dette er berre eitt døme på korleis ein kan gjere det. Potensialet er stort. I Rune sin blogg står nemnt fleire gode eksempel.




____________________________________________________________
Kjelder: UFD (2006) Læreplan i norsk, sammensatte tekster [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1100204&visning=2&ho=1100207

1 kommentar:

  1. Ja - "Programmet er enkelt og kjekt å bruke" - viktig i høve til kor "enkelt" det vert å ta det i bruk i klassen. Både for elevane og læraren. 2 som kanskje treng hjelp, er betre enn 20... ;-)

    SvarSlett