tirsdag 8. mars 2011

Google Maps i undervisning

Første dag på DKL102, 2. samling

Gruppeoppgåve
:
Lag rettleiing til ei oppgåve for elevar der de brukar Google Earth/Google Maps som verktøy/læremiddel/inspirasjon.

Gruppa 8 valde å løyse oppgåva på følgjande måte:
Som utgangspunkt tenkte vi at elevane hadde arbeidd med heimkommuna si på førehand, og at dei hadde ein viss kjennskap til Google Maps. Dette kan vere ei gruppeoppgåve, der elevane ut i frå gitte rammer skal planlegge ei reiserute i si eiga kommune. På denne måten vil gruppene presentere ulike reisemål, og totalt sett vil dette gje ny kunnskap/innsikt om heimkommuna.
I læreplanar for kunnskapsløftet, under faget samfunnsfag, tok vi utgangspunkt i følgjande kompetansemål etter 4. klassetrinn:
·                     planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett
·                     setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
Elevane si oppgåvetekst:
Planlegg ei reise i di eiga heimkommune der klassa skal bruke ein skuledag(6 timar) til å besøkje ulike stadar. De skal besøkje/presentere minst 2 arbeidsplassar, eit kjent landemerke, ein historisk stad og ei kyrkje. Bruk Google maps til å planlegge/vise reiseruta di der du skildrar dei ulike stoppestadane.



Gruppe 8 valde ut Inga si heimkommune, Vågå.  Her er resultatet, som ikkje kom heilt i "boks" med, men vi vonar det likevel viser korleis ein kan nytte verktøyet i undervisninga.

torsdag 3. mars 2011

Geomerking

I dag har eg sett litt på geomerking av bilete i Picasa. Eg ser at dette kan vere nyttig i høve til å nå følgjande kompetansemål i Læreplanar for kunnskapsløftet:
Samfunnsfag
Kompetansemål etter 4. trinn:
- setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
- bruke bilete, film og andre kjelder for å fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg
- planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett
Kompetansemål etter 7. trinn:
- lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar
- planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy


Sjølv har eg plukka ut bilete frå eige lokalmiljø. Sjølve merkinga av bileta var svært enkel. Først la eg dei bileta eg ville bruke i ei mappe. Deretter lasta eg denne opp i nettalbumet mitt i Picasa. Ved å dobbeltklikke på første bilete, fekk eg opp ein tekstboks der det stod; Velg bildeplassering. Først søkte eg på eit lokalt stadnamn. På første forsøk fann ikkje lesaren dette namnet. Derfor valde eg ein større og meir kjend stad for å komme i gong. Ved å trykke på satelitt, klarte eg å kjenne att staden, og fekk plassert merket ganske nøyaktig der eg hadde teke biletet. I tillegg kjem det opp ein tekstboks under kvart bilete, der ein kan skrive inn ei forklaring til kvart enkelt bilete. 
Her er mitt nettalbum!

DIGITAL ARENA

Elise Seip Tønnesen har skrive boka “Digital kompetanse.com”, som er basert på eige forskingsarbeid der ho har følgt ein mediegenerasjon frå 1993-2005. Ho ser på dette som den første generasjonen som har vakse inn i eit samfunn med kanalmangfald og mediaoverflod.


Er det noko som skil denne generasjonen frå andre generasjonar, kan ein spørje seg. Generasjonen er van med media på ein heilt annan måte enn tidlegare generasjonar. Media er i følgje Tønnesen noko som gjennomsyrar kvardagen deira. Barn og unge nyttar media mykje, både på fritida og i skuletida, og dei brukar gjerne fleire media på same tid. Dei har opplevd store endringar med fjernsyn, datamaskin og mobiltelefon, og dei kjenner seg på ein måte i eitt med den enorme utviklinga som har vore, og som er i dei ulike media.
Generasjonen har hatt tilgang på utstyr, som t.d. fleire fjernsyn og datamaskiner per familie. Mobiltelefon er blitt ein naudsynt “duppedings” som dei fleste har i eige etter fylte 10 år. Media er med andre ord blitt meir tilgjengeleg enn før, og vegane inn i den digitale sfæren blir stadig fleire, p.g.a. auka tilgang og kapasitet.


Kva er det som fascinerer dei unge så sterkt i sitt mediabruk, spør Tønnesen. Nedanfor refererer eg til hennar tredelte svar i kortform:

  1.  Affekt; barn og unge har ein trong til å oppsøkje ein større røyndom, der kjenslene er større, sterkare og tydlegare (prøve ut grensene)
  2. Det estetiske uttrykket; dei blir trekte mot tekstar som er sterkt sansestimulerande (lys, fargar, former, rørsle, rytme og lyd opptrer med maksimal intensitet)
  3.  Sosial handling og deltaking; dei vel mediefavorittar som gjev sosial prestisje; det er viktig for barn og unge å vere med på det som er "in"
Media ser altså ut til å være ein viktig del av identitetsskapinga til veldig mange barn og unge i dag. Det bør kanskje vere grunn nok til at vi som oppsedarar bør setje oss inn i kva dette handlar om. Som lærarar kan vi kanskje til og med utnytte denne arenaen i læring? Men klarer vi å henge med i denne mediarevolusjonen, like godt som dei som er vakse inn i den? Og maktar vi å setje oss inn i stadig nye verktøy som kan brukast og utnyttast til læring på denne digitale arenaen? Kanskje nokre, men eg trur løysinga må ligge i lærarutdanninga. Dersom studentane sjølve får ta i bruk verktøy på den digitale arena, og lære dei moglegheitene som finns, er eg sikker på at bruk av digitale media i skulen vil komme inn i mykje større grad enn det som er tilfelle i dag. For å underbygge dette, vel eg å avslutte med nokre linjer frå artikkelen “Den digitale kompetansen, lærerutdanningens forsømmelse" av Tor Arne Wølner: 

“Mange lærere har tatt kurs og blitt gode i administrativt digitalt arbeid, men ikke i intergrering av digitale medier. Dette skjer fordi rollemodellene og den eksemplariske undervisningen er fraværende i lærerstudentenes undervisning og forelesninger.” (Wølner, T)



____________________________________________________________________________
Kjelder:
Bedre skole, nr, 4-2010: "Den didaktiske digitale kompetansen. Lærerutdanningens forsømmelse" av Tor Arne Wølner.
Tønnesen, Elise Seip (2007) Generasjon.com. Universitetsforlaget, Oslo

onsdag 2. mars 2011

IKT og tilpassa undervisning

Gjennom DKL-studiane har eg fått kjennskap til mange nye verktøy. Ein del av desse har eg allereie teke i bruk i eiga undervisning.  Eg har erfart at ulike digitale verktøy og arbeidsmetodar opnar for meir variert undervisning, som igjen fører til meir tilpassa undervisning. To utdrag frå St.meld. nr. 31 (2007-2008) “Kvalitet i skolen” underbyggjer også dette:

“Departementet legger til grunn at tilpasset opplæring kjenntegnes ved variasjon i bruk av arbeidsoppgaver, lærestoff, arbeidsmåter, læremidler og variasjon i organisering av og intensitet i opplæringen” (St.meld. nr. 31, "Kvalitet i skolen")

"Læringsplakaten legger vekt på at opplæringen skal fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter. Kunnskapsløftet introduserte digitale ferdigheter som en av de fem grunnleggende ferdighetene. Å kunne bruke digitale verktøy er dermed en ferdighet som skal integreres i læreplanene på tvers av fagene." (St.meld. nr. 31, "Kvalitet i skolen")




I ulike skriveaktivitetar får elevane mine i stor grad velje om dei vil skrive på papir eller digitalt. Eg har spesielt merka meg, at elevar som ikkje har så stor skrivelyst i utgangspunktet, lettare vert motivert dersom dei får arbeide digitalt. Elevane har Google konto, og alle ynskjer etter kvart å skrive utkasta sine der. Dei deler dokumentet med meg, av og til med medelevar, og får stadig tilbakemeldingar og respons på arbeidet sitt. Google dokument gjer det enklare for meg å følgje opp den enkelte, fordi alle inkluderte partar har teksten tilgjengeleg under heile prosessen. Eg slepp å samle inn bøker for å skrive tilbakemeldingar for hand. Rettleiing og vurdering tek vi undervegs.  Det å skulle gå tilbake til noko ein skreiv for ei god stund sidan, verkar veldig demotiverande, spesielt på dei elevane som slit med å uttrykkje seg skriftleg.

I gjennomgang av nytt stoff brukar eg svært ofte digitale verktøy. I presentasjonar kan eg  legge inn mange fleire element enn eg kan med vanleg tavleundervisning.  Ved å legge inn bilete/illustrasjonar, video, musikk m.m., når eg fleire elevar på ulike måtar.
Elles brukar eg nettbaserte læringsressursar når vi skal repetere stoff eller øve på repeterande øvingar. Dei fleste av desse nettressursane er inndelte i nivå og vanskegrader. Sidan eg har få elevar, vel eg nøye ut kva for ressurs som passar til den enkelte elev. Her kan dei øve på å bli tryggare på område dei ikkje er komne i mål med.

Gir så IKT meirverdi i arbeidsmåtar uansett? Nei, er mitt svar. Og då må eg gå tilbake til innleiinga av dette innlegget. Undervisninga må vere variert. Å berre gje elevane digitale arbeidsmåtar er ikkje variasjon nok etter mi meining. Av og til må elevane kunne lytte til den gode forteljinga, øve på skrift i eiga bok, samtale og diskutere, lese høgt o.s.b. IKT er berre eit eit arbeidsverktøy og metode, som gjev svært gode moglegheiter for å variere undervisninga.

Eg avsluttar innlegget med enno eit utdrag frå St.meld. nr. 31, som summerer opp essensen av det eg ville ha fram:

"Også for bruk av IKT er det grunn til å tro at det ikke er metoden i seg selv, men lærernes faglige og pedagogiske kompetanse, som er avgjørende for læringseffekten. Bruk av IKT åpner for nye muligheter til å tilpasse opplæringen. 60 prosent av norske lærerne mener at IKT er et viktig verktøy for dette formålet. IKT kan også være viktig for å fornye opplæringen, og bruk av IKT bidrar ofte til at lærerne tar i bruk nye metoder for å organisere elevenes egenlæring og gir dem adgang til flere læringsressurser." St.meld. nr. 31 (2007-2008) “Kvalitet i skolen”


_____________________________________________________________________


Kjelder:
St.meld. nr. 31, Kvalitet i skolen (2007-2008) [Internett]Tiljengeleg frå: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-31-2007-2008-/3/1/5.html?id=516885 [Lasta ned 02.03.2011]

Tenkjeverktøy


Mindomo er eit fantastisk verktøy som eg blei kjend med i DKL 101.Sidan har eg brukt verktøyet jamt og trutt, både i jobb- og studiesamanheng. Har også prøvd det ut saman med ei lita gruppe elevar. Første gong var det i samband med diktsjangeren. Vi gjekk gjennom ulike verkemiddel/språktriks som er vanlege for sjangeren. Til slutt skreiv vi verkemiddela med forklaring inn i Mindomo. Neste dag, og seinare i prosessen, fekk dei repetert leksjonen ved å opne/lukke tekstboksane. Altså; eit flott hjelpemiddel til å lære seg ting utanåt!


Den same elevgruppa har i det siste også fått nytta seg av Mindomo under skriving av faktatekstar. I denne samanheng har dei brukt tankeverktøyet meir tradisjonelt, der ein lagar seg overskrifter med stikkord, som oversikt og hjelp til skrivinga av teksten. Men det blir jo langt meir spennande enn med tankekart på papir, sidan dei kan setje inn lenkjer, multimedia, notatar m.m. i tankekartet sitt. Slik sett kan dei lage heile faktateksten som ein samansett tekst i Mindomo. Elevane lærte fort å bruke verktøyet, og det blir garantert nytta fleire gongar. 


I studiet DKL 102 har eg brukt Mindomo under arbeidet med Mappeoppgåve 1, og Mappeoppgåve 2 som vi held på med no. Under begge oppgåvene har gruppa samarbeidd på Mindomo. Då eg nyleg las i pensumboka "Generasjon.com" av Elise Seip Tønnesen, brukte eg Mindomo til å notere notatar. Her kan du sjå resultatet.