Elise Seip Tønnesen har skrive boka “Digital kompetanse.com”, som er basert på eige forskingsarbeid der ho har følgt ein mediegenerasjon frå 1993-2005. Ho ser på dette som den første generasjonen som har vakse inn i eit samfunn med kanalmangfald og mediaoverflod.
Er det noko som skil denne generasjonen frå andre generasjonar, kan ein spørje seg. Generasjonen er van med media på ein heilt annan måte enn tidlegare generasjonar. Media er i følgje Tønnesen noko som gjennomsyrar kvardagen deira. Barn og unge nyttar media mykje, både på fritida og i skuletida, og dei brukar gjerne fleire media på same tid. Dei har opplevd store endringar med fjernsyn, datamaskin og mobiltelefon, og dei kjenner seg på ein måte i eitt med den enorme utviklinga som har vore, og som er i dei ulike media.

Generasjonen har hatt tilgang på utstyr, som t.d. fleire fjernsyn og datamaskiner per familie. Mobiltelefon er blitt ein naudsynt “duppedings” som dei fleste har i eige etter fylte 10 år. Media er med andre ord blitt meir tilgjengeleg enn før, og vegane inn i den digitale sfæren blir stadig fleire, p.g.a. auka tilgang og kapasitet.
Kva er det som fascinerer dei unge så sterkt i sitt mediabruk, spør Tønnesen. Nedanfor refererer eg til hennar tredelte svar i kortform:
- Affekt; barn og unge har ein trong til å oppsøkje ein større røyndom, der kjenslene er større, sterkare og tydlegare (prøve ut grensene)
- Det estetiske uttrykket; dei blir trekte mot tekstar som er sterkt sansestimulerande (lys, fargar, former, rørsle, rytme og lyd opptrer med maksimal intensitet)
- Sosial handling og deltaking; dei vel mediefavorittar som gjev sosial prestisje; det er viktig for barn og unge å vere med på det som er "in"
“Mange lærere har tatt kurs og blitt gode i administrativt digitalt arbeid, men ikke i intergrering av digitale medier. Dette skjer fordi rollemodellene og den eksemplariske undervisningen er fraværende i lærerstudentenes undervisning og forelesninger.” (Wølner, T)
____________________________________________________________________________
Kjelder:
Bedre skole, nr, 4-2010: "Den didaktiske digitale kompetansen. Lærerutdanningens forsømmelse" av Tor Arne Wølner.
Tønnesen, Elise Seip (2007) Generasjon.com. Universitetsforlaget, Oslo

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar