mandag 25. april 2011

Siste samling, 14.-15. mars

Så var det siste samling på DKL102,og vi nærmar vi oss slutten på eit svært så lærerikt studium. Torsdag kveld var det duka for mappevurdering. Det var spennande å lese andre oppgåvesvar og tolkningar av oppgåvene, men samtidig vanskeleg å vere heilt konsentrert om oppgåva. Vi hadde lita tid til å vurdere mappeoppgåvene, og det var litt støy rundt om som gjorde det vanskeleg å halde fokus. Men det er jo slik klasseromssituasjonen er; kanskje greitt å ta med seg når vi står midt opp i det sjølve!!

Fredag skulle vi lage ein liten animasjonsfilm. Også på denne oppgåva var tidspresset stort! Gruppa vår brukte nok litt lang tid på målarka som vi skulle fylle ut på førehand, noko som resulterte i at vi fekk svært lita tid til produksjonen. Resultatet har stort forbetringspotensiale. Fleire bilete og betre lydkvalitet er blant anna det vi ikkje blei nøgde med. Her er verkeleg ein kortversjon av eventyret "Dei tre Bukkane Bruse".

Netvibes og RSS i undervisningssamanheng

Etter fleire månader med studiet DKL har det etter kvart sige inn at digital kompetanse er noko langt meir enn det å kunne handtere det tekniske ved ei datamaskin. I følgje Harboe er det å kunne velje rett verktøy, og utvikle evna til kritisk vurdering, og ikkje minst å kunne handtere dei store informasjonsmengdene, eit like viktig aspekt. (Harboe 2008:168)

Som lærar brukar eg nettet meir og meir i undervisninga, men informasjonsmengdene der ute er enorme og kvaliteten på det som finns er svært varierande. Sjølv har eg erfart at elevane treng rettleiing når det gjeld å finne relevante og gode kjelder, og til å lære seg å søkje smart. Informasjonskompetanse vert definert av store norske leksikon som "en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjonen er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen”

I samband med leksjonane om “Informasjonskompetanse”, oppretta eg ei side i Nettvibes, eit verktøy som mellom anna gjer at du kan abonnere på RSS-feedar. Med dei ulike “små-programma” som Netvibes har, kan ein enkelt byggje opp si eiga side, der ein legg inn dei nettsidene/ressursane ein er oftast inn om. Eit smart verktøy som eg sjølv nyttar meg dagleg av, fordi eg sparer mykje tid i høve til å halde meg oppdatert. 
Det å nytte eit slikt organisasjonsverktøy i undervisninga trur eg kan ha mykje føre seg. Netvibes kan mellom anna fungere som ein slags portal for eit fag eller tema, der lærar kan samle kvalitetssikra ressursar. Dessutan kan det å samle nyhendingar under ei fane i Netvibes, gje eit godt bilete av korleis verda er her og no. Målet etter kvart, må vere at elevane opprettar sine eigne sider i Netvibes, for å utvikle eigen informasjonskompetanse

Sidan eg veit at eg skal undervise i samfunnsfag på 8.trinn til hausten, laga eg i samband med M3 ei side i Netvibes knytt til dette faget. Her tenkjer eg at nettvett og kjeldekritikk skal vere det første temaet eg arbeider med når vi startar opp med Netvibes. Skjermkuttet under syner korleis eg har bygt opp denne fana.




___________________________________________________________________
Kjelder: 
Harboe, Leif Harboe, Leif (2010) Norskboka.no, 2. utgave. Oslo: Universitetsforlaget.
Store norske leksikon [Internett] Tilgjengeleg frå: http://snl.no/informasjonskompetanse)

tirsdag 12. april 2011

Pedagogiske programvarer/ressursar i undervisninga

Øvingsoppgåve 2, DKL102, samling 2


I leksjonen “Programvare meint for bruk i læringsarbeid”, fekk vi m.a. lære om dei ulike paradigmeskifta som har vore i høve til program som er laga for undervisning. Oppgåva var å sjå nærare på tre ulike nettressursar, og plassere desse i Koshmanns kategoriar og Hutchings kube. 


Lykkehjulet  er ei er eit program der eleven får øve seg i finne brøken som del av ein heilskap. Først trudde eg at eleven måtte tenkje sannsyn, men etter eit par oppgåver såg eg at dette var ei rein drilloppgåve, der eleven skal finne ut kor stor del ein farge utgjer av heilskapen. Programmet er laga slik at du får rett svar om du forkortar brøken og. Likevel vil eg seie at tenkinga bak denne er behavioristisk. Derfor vil eg plassere “Lykkehjulet” under kategorien CAI som står for Computer-Assisted Instruction. 

Skal eg plassere denne på Hutchins kube, meiner eg eleven føl Z- og Y-aksen, som vil seie at eleven er deltakande og aktiv. Aktiviteten er styrt, og utfordrar ikkje kreativiteten til elevane
Xtranormal er eit program der elevane kan lage sine eigne filmsnuttar. Programmet har ei rekkje ting ein kan velje å setje inn i filmen, som ulike karikaturar, bakgrunnar, lydar m.m.. Sjølve handlinga må dei konstruere sjølv. Derfor vil eg plassere dette programmet under LOGO som står for Logo-as-Latin som er bygt på kognitiv konstruktivistisk læringsteori.
På Hutchins kube hamnar dette programmet etter mi meining godt oppe på den raude streken til høgre.


Den tredje ressursen skulle vi finne sjølv. Ganske tilfeldig valde eg dammskolen.no, historie for 8.trinn. Dette er ein ressurs som er tilknytt læreverket "Makt og menneske." Her ligg det varierte oppgåver innanfor dei ulike historiske emna i læreverket. Oppgåvene kan ein lese, eller lytte til ved å trykke på eit lydikon. Felles for oppgåvene, er at elevane sine svar skal leverast inn på e-post til lærar. Dei må vere aktive og finne fram til svara sjølv, men der er gjevne visse rammer i form av malar og kjelder dei skal nytte seg av. Ressursen vil eg derfor seie er bygt opp på ein kognitiv konstruktivistisk læringsteori, altså LOGO under Koshmanns kategori.

Som programmet xtranormal vil også denne ressursen komme langt opp på den raude streken i 
Hutchins kube.


___________________________________________________________
Kjelder:
Samling 2, DKL102 v11, Pdf, Høgskulen i Volda 2011 


tirsdag 8. mars 2011

Google Maps i undervisning

Første dag på DKL102, 2. samling

Gruppeoppgåve
:
Lag rettleiing til ei oppgåve for elevar der de brukar Google Earth/Google Maps som verktøy/læremiddel/inspirasjon.

Gruppa 8 valde å løyse oppgåva på følgjande måte:
Som utgangspunkt tenkte vi at elevane hadde arbeidd med heimkommuna si på førehand, og at dei hadde ein viss kjennskap til Google Maps. Dette kan vere ei gruppeoppgåve, der elevane ut i frå gitte rammer skal planlegge ei reiserute i si eiga kommune. På denne måten vil gruppene presentere ulike reisemål, og totalt sett vil dette gje ny kunnskap/innsikt om heimkommuna.
I læreplanar for kunnskapsløftet, under faget samfunnsfag, tok vi utgangspunkt i følgjande kompetansemål etter 4. klassetrinn:
·                     planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett
·                     setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
Elevane si oppgåvetekst:
Planlegg ei reise i di eiga heimkommune der klassa skal bruke ein skuledag(6 timar) til å besøkje ulike stadar. De skal besøkje/presentere minst 2 arbeidsplassar, eit kjent landemerke, ein historisk stad og ei kyrkje. Bruk Google maps til å planlegge/vise reiseruta di der du skildrar dei ulike stoppestadane.



Gruppe 8 valde ut Inga si heimkommune, Vågå.  Her er resultatet, som ikkje kom heilt i "boks" med, men vi vonar det likevel viser korleis ein kan nytte verktøyet i undervisninga.

torsdag 3. mars 2011

Geomerking

I dag har eg sett litt på geomerking av bilete i Picasa. Eg ser at dette kan vere nyttig i høve til å nå følgjande kompetansemål i Læreplanar for kunnskapsløftet:
Samfunnsfag
Kompetansemål etter 4. trinn:
- setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
- bruke bilete, film og andre kjelder for å fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg
- planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett
Kompetansemål etter 7. trinn:
- lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar
- planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy


Sjølv har eg plukka ut bilete frå eige lokalmiljø. Sjølve merkinga av bileta var svært enkel. Først la eg dei bileta eg ville bruke i ei mappe. Deretter lasta eg denne opp i nettalbumet mitt i Picasa. Ved å dobbeltklikke på første bilete, fekk eg opp ein tekstboks der det stod; Velg bildeplassering. Først søkte eg på eit lokalt stadnamn. På første forsøk fann ikkje lesaren dette namnet. Derfor valde eg ein større og meir kjend stad for å komme i gong. Ved å trykke på satelitt, klarte eg å kjenne att staden, og fekk plassert merket ganske nøyaktig der eg hadde teke biletet. I tillegg kjem det opp ein tekstboks under kvart bilete, der ein kan skrive inn ei forklaring til kvart enkelt bilete. 
Her er mitt nettalbum!

DIGITAL ARENA

Elise Seip Tønnesen har skrive boka “Digital kompetanse.com”, som er basert på eige forskingsarbeid der ho har følgt ein mediegenerasjon frå 1993-2005. Ho ser på dette som den første generasjonen som har vakse inn i eit samfunn med kanalmangfald og mediaoverflod.


Er det noko som skil denne generasjonen frå andre generasjonar, kan ein spørje seg. Generasjonen er van med media på ein heilt annan måte enn tidlegare generasjonar. Media er i følgje Tønnesen noko som gjennomsyrar kvardagen deira. Barn og unge nyttar media mykje, både på fritida og i skuletida, og dei brukar gjerne fleire media på same tid. Dei har opplevd store endringar med fjernsyn, datamaskin og mobiltelefon, og dei kjenner seg på ein måte i eitt med den enorme utviklinga som har vore, og som er i dei ulike media.
Generasjonen har hatt tilgang på utstyr, som t.d. fleire fjernsyn og datamaskiner per familie. Mobiltelefon er blitt ein naudsynt “duppedings” som dei fleste har i eige etter fylte 10 år. Media er med andre ord blitt meir tilgjengeleg enn før, og vegane inn i den digitale sfæren blir stadig fleire, p.g.a. auka tilgang og kapasitet.


Kva er det som fascinerer dei unge så sterkt i sitt mediabruk, spør Tønnesen. Nedanfor refererer eg til hennar tredelte svar i kortform:

  1.  Affekt; barn og unge har ein trong til å oppsøkje ein større røyndom, der kjenslene er større, sterkare og tydlegare (prøve ut grensene)
  2. Det estetiske uttrykket; dei blir trekte mot tekstar som er sterkt sansestimulerande (lys, fargar, former, rørsle, rytme og lyd opptrer med maksimal intensitet)
  3.  Sosial handling og deltaking; dei vel mediefavorittar som gjev sosial prestisje; det er viktig for barn og unge å vere med på det som er "in"
Media ser altså ut til å være ein viktig del av identitetsskapinga til veldig mange barn og unge i dag. Det bør kanskje vere grunn nok til at vi som oppsedarar bør setje oss inn i kva dette handlar om. Som lærarar kan vi kanskje til og med utnytte denne arenaen i læring? Men klarer vi å henge med i denne mediarevolusjonen, like godt som dei som er vakse inn i den? Og maktar vi å setje oss inn i stadig nye verktøy som kan brukast og utnyttast til læring på denne digitale arenaen? Kanskje nokre, men eg trur løysinga må ligge i lærarutdanninga. Dersom studentane sjølve får ta i bruk verktøy på den digitale arena, og lære dei moglegheitene som finns, er eg sikker på at bruk av digitale media i skulen vil komme inn i mykje større grad enn det som er tilfelle i dag. For å underbygge dette, vel eg å avslutte med nokre linjer frå artikkelen “Den digitale kompetansen, lærerutdanningens forsømmelse" av Tor Arne Wølner: 

“Mange lærere har tatt kurs og blitt gode i administrativt digitalt arbeid, men ikke i intergrering av digitale medier. Dette skjer fordi rollemodellene og den eksemplariske undervisningen er fraværende i lærerstudentenes undervisning og forelesninger.” (Wølner, T)



____________________________________________________________________________
Kjelder:
Bedre skole, nr, 4-2010: "Den didaktiske digitale kompetansen. Lærerutdanningens forsømmelse" av Tor Arne Wølner.
Tønnesen, Elise Seip (2007) Generasjon.com. Universitetsforlaget, Oslo

onsdag 2. mars 2011

IKT og tilpassa undervisning

Gjennom DKL-studiane har eg fått kjennskap til mange nye verktøy. Ein del av desse har eg allereie teke i bruk i eiga undervisning.  Eg har erfart at ulike digitale verktøy og arbeidsmetodar opnar for meir variert undervisning, som igjen fører til meir tilpassa undervisning. To utdrag frå St.meld. nr. 31 (2007-2008) “Kvalitet i skolen” underbyggjer også dette:

“Departementet legger til grunn at tilpasset opplæring kjenntegnes ved variasjon i bruk av arbeidsoppgaver, lærestoff, arbeidsmåter, læremidler og variasjon i organisering av og intensitet i opplæringen” (St.meld. nr. 31, "Kvalitet i skolen")

"Læringsplakaten legger vekt på at opplæringen skal fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter. Kunnskapsløftet introduserte digitale ferdigheter som en av de fem grunnleggende ferdighetene. Å kunne bruke digitale verktøy er dermed en ferdighet som skal integreres i læreplanene på tvers av fagene." (St.meld. nr. 31, "Kvalitet i skolen")




I ulike skriveaktivitetar får elevane mine i stor grad velje om dei vil skrive på papir eller digitalt. Eg har spesielt merka meg, at elevar som ikkje har så stor skrivelyst i utgangspunktet, lettare vert motivert dersom dei får arbeide digitalt. Elevane har Google konto, og alle ynskjer etter kvart å skrive utkasta sine der. Dei deler dokumentet med meg, av og til med medelevar, og får stadig tilbakemeldingar og respons på arbeidet sitt. Google dokument gjer det enklare for meg å følgje opp den enkelte, fordi alle inkluderte partar har teksten tilgjengeleg under heile prosessen. Eg slepp å samle inn bøker for å skrive tilbakemeldingar for hand. Rettleiing og vurdering tek vi undervegs.  Det å skulle gå tilbake til noko ein skreiv for ei god stund sidan, verkar veldig demotiverande, spesielt på dei elevane som slit med å uttrykkje seg skriftleg.

I gjennomgang av nytt stoff brukar eg svært ofte digitale verktøy. I presentasjonar kan eg  legge inn mange fleire element enn eg kan med vanleg tavleundervisning.  Ved å legge inn bilete/illustrasjonar, video, musikk m.m., når eg fleire elevar på ulike måtar.
Elles brukar eg nettbaserte læringsressursar når vi skal repetere stoff eller øve på repeterande øvingar. Dei fleste av desse nettressursane er inndelte i nivå og vanskegrader. Sidan eg har få elevar, vel eg nøye ut kva for ressurs som passar til den enkelte elev. Her kan dei øve på å bli tryggare på område dei ikkje er komne i mål med.

Gir så IKT meirverdi i arbeidsmåtar uansett? Nei, er mitt svar. Og då må eg gå tilbake til innleiinga av dette innlegget. Undervisninga må vere variert. Å berre gje elevane digitale arbeidsmåtar er ikkje variasjon nok etter mi meining. Av og til må elevane kunne lytte til den gode forteljinga, øve på skrift i eiga bok, samtale og diskutere, lese høgt o.s.b. IKT er berre eit eit arbeidsverktøy og metode, som gjev svært gode moglegheiter for å variere undervisninga.

Eg avsluttar innlegget med enno eit utdrag frå St.meld. nr. 31, som summerer opp essensen av det eg ville ha fram:

"Også for bruk av IKT er det grunn til å tro at det ikke er metoden i seg selv, men lærernes faglige og pedagogiske kompetanse, som er avgjørende for læringseffekten. Bruk av IKT åpner for nye muligheter til å tilpasse opplæringen. 60 prosent av norske lærerne mener at IKT er et viktig verktøy for dette formålet. IKT kan også være viktig for å fornye opplæringen, og bruk av IKT bidrar ofte til at lærerne tar i bruk nye metoder for å organisere elevenes egenlæring og gir dem adgang til flere læringsressurser." St.meld. nr. 31 (2007-2008) “Kvalitet i skolen”


_____________________________________________________________________


Kjelder:
St.meld. nr. 31, Kvalitet i skolen (2007-2008) [Internett]Tiljengeleg frå: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-31-2007-2008-/3/1/5.html?id=516885 [Lasta ned 02.03.2011]

Tenkjeverktøy


Mindomo er eit fantastisk verktøy som eg blei kjend med i DKL 101.Sidan har eg brukt verktøyet jamt og trutt, både i jobb- og studiesamanheng. Har også prøvd det ut saman med ei lita gruppe elevar. Første gong var det i samband med diktsjangeren. Vi gjekk gjennom ulike verkemiddel/språktriks som er vanlege for sjangeren. Til slutt skreiv vi verkemiddela med forklaring inn i Mindomo. Neste dag, og seinare i prosessen, fekk dei repetert leksjonen ved å opne/lukke tekstboksane. Altså; eit flott hjelpemiddel til å lære seg ting utanåt!


Den same elevgruppa har i det siste også fått nytta seg av Mindomo under skriving av faktatekstar. I denne samanheng har dei brukt tankeverktøyet meir tradisjonelt, der ein lagar seg overskrifter med stikkord, som oversikt og hjelp til skrivinga av teksten. Men det blir jo langt meir spennande enn med tankekart på papir, sidan dei kan setje inn lenkjer, multimedia, notatar m.m. i tankekartet sitt. Slik sett kan dei lage heile faktateksten som ein samansett tekst i Mindomo. Elevane lærte fort å bruke verktøyet, og det blir garantert nytta fleire gongar. 


I studiet DKL 102 har eg brukt Mindomo under arbeidet med Mappeoppgåve 1, og Mappeoppgåve 2 som vi held på med no. Under begge oppgåvene har gruppa samarbeidd på Mindomo. Då eg nyleg las i pensumboka "Generasjon.com" av Elise Seip Tønnesen, brukte eg Mindomo til å notere notatar. Her kan du sjå resultatet.





onsdag 16. februar 2011

Samansette tekstar

Foto: Meg sjølv
(Personane på bileta er min eigen familie. Alle har godteke at eg publiserer dette)


“Norskfaget forholder seg til et bredt spekter av tekster, både muntlige, skriftlige og sammensatte tekster, der skrift, lyd og bilder spiller sammen. Et norskfag for vår tid bygger på et utvidet tekstbegrep som inkluderer alle disse tekstformene.”

Dette sitatet er henta frå Læreplanar for Kunnskapsløftet, under formål for faget norsk.

Gjennom leksjonen samansett tekst, og gjennom studiet DKL101, har vi fått kjennskap til fleire nyttige verktøy som høver å bruke til samansett tekst. I dømet over har eg brukt verktøyet Comic Life, til å lage ein liten “teikneserie” med bilete og snakkebobler. I skulesamanheng har eg til no brukt programmet “Cartoonist der ein m.a.kan velje mellom ulike karikaturar og bakgrunnar. (Lenkja eg viser til har ein fin video om korleis ein kan bruke verktøyet) Fordelen med Comic life, er at ein kan setje inn eigne bilete, teikningar og foto. Slik sett får ein eit nærmare forhold til eige produkt. Programmet er enkelt og kjekt å bruke, og eg vil tru at elevar frå 5. klasse ikkje har problem med å meistre det.


Eg har laga ei historie av ei lita kvardagshending sommaren 2010, der vi fekk besøk av ein mink på kaia. Historia er eit døme på korleis ord og bilete heng saman. Dette er berre eitt døme på korleis ein kan gjere det. Potensialet er stort. I Rune sin blogg står nemnt fleire gode eksempel.




____________________________________________________________
Kjelder: UFD (2006) Læreplan i norsk, sammensatte tekster [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1100204&visning=2&ho=1100207

fredag 14. januar 2011

Bruke sosiale nettsamfunn i undervisninga?

På første samling i DKL102 hadde vi om sosial web. Som oppgåve fekk vi å setje oss inn i tre ulike nettsamfunn, samanlikne verkemiddel og funksjonar, og seie noko om korleis vi kan bruke desse i læringsarbeid. 


Gruppe 8 samanlikna tre ulike sosiale nettstader, som kan nyttast i ulike læringssamanhengar.

  • Google docs

  • Wikispaces

  • Facebook



Google docs
- samme konto opnar for å nytte fleire ulike verktøy (m.a. tekstdokument, rekneark, presentasjonar)

- chatte-funksjon
- høve til å dele dokument med andre (felles redigering, samskriving)
- god kommentarfunksjon
- bildefunksjon
- lage og setje inn teikningar
- laste ned dokumentet til PDF og Word
- høve til å velje grad av publisering (alle, større eller mindre grupper)
- sterk grad av "samtidighet" (umiddelbar oppdatering)
- lagrar automatisk, og hyppig
- eignar seg best for laging av dokument

Ulemper:
- ikkje nynorsk stavekontroll
- få funksjonar samanlikna med t.d. tekstprogrammet Word








Wiki

- opnar for samarbeid, men har ikkje like god funksjon på lagring og kjensla av "samtidighet" som ein finn i Google Docs
- meir tungvint biletfunksjon enn Google Docs
- kan brukast til m.a. heimesider, informsjonssider, temasider
- kan opne for at det vert ein lavare terskel for lærarar og foreldre til å bidra i heim-skule samarbeidet
Ulempe:
- kan vere ei utfordring å ha oversikt/kontroll over innhaldet (viktig med gode moderatorar og administratorar)



Facebook
stort nettsamfunn
- liten terskel for å bruke verktøyet, ein kjend arena for elevane, "lett" å komme i gang fordi ein møter elevane der dei er
- mulighet for å opprette fagsider, chat
- elevane kan bli meir mottakarbevisste på kva som kan leggast ut (nettetikette)
- mange språkval- geomerke

Ulempe:
- blir mykje brukt som ein useriøs arena, der til dømes språket er svært munnleg
- lett å bli distrahert
- privat arena
- vanskeleg å føre den gode fagsamtalen då dette kan vere ein svært open arena











Fellesnemnar for å bruke desse verktøya i skulen

- treffer ei større gruppe elevar. "Deira" arena, motivasjonsfaktor i det å vise fram sine presentasjonar/produkt
- gode verkty til å produsere eit produkt med tanke på publisering
- brukar bestemmer kor mykje informasjon som skal delast
- benytte hypertekst og linkar for å navigere
- enkelt brukargrensesnitt
- elevane lærer av kvarandre i eit sosiokulturelt fellesskap
- individuell produksjon - sosial redigering
- fremmar den digitale danninga
- publisering, ynskje om at ting ser bra og ryddig ut, elevane strekkjer seg kanskje lenger i høve til innhald og rettskriving
- kan og vere med på å minke grada av fusk og plagiat
- gratis og enkelt å opprette kontoar
- sjå historikken på dokumenta (sjå kven som har vore der og kva som har blitt gjort)
- kan arbeide med dokumenta både heime og på skulen


Oppgåvesvaret til gruppe 8 ligg på Wikispaces, og du finn den ved å trykkje her
Kjelder
http://wikiiskolen.wikidot.com/start