Gjennom DKL-studiane har eg fått kjennskap til mange nye verktøy. Ein del av desse har eg allereie teke i bruk i eiga undervisning. Eg har erfart at ulike digitale verktøy og arbeidsmetodar opnar for meir variert undervisning, som igjen fører til meir tilpassa undervisning. To utdrag frå St.meld. nr. 31 (2007-2008) “Kvalitet i skolen” underbyggjer også dette:
“Departementet legger til grunn at tilpasset opplæring kjenntegnes ved variasjon i bruk av arbeidsoppgaver, lærestoff, arbeidsmåter, læremidler og variasjon i organisering av og intensitet i opplæringen” (St.meld. nr. 31, "Kvalitet i skolen")
"Læringsplakaten legger vekt på at opplæringen skal fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter. Kunnskapsløftet introduserte digitale ferdigheter som en av de fem grunnleggende ferdighetene. Å kunne bruke digitale verktøy er dermed en ferdighet som skal integreres i læreplanene på tvers av fagene." (St.meld. nr. 31, "Kvalitet i skolen")
I ulike skriveaktivitetar får elevane mine i stor grad velje om dei vil skrive på papir eller digitalt. Eg har spesielt merka meg, at elevar som ikkje har så stor skrivelyst i utgangspunktet, lettare vert motivert dersom dei får arbeide digitalt. Elevane har Google konto, og alle ynskjer etter kvart å skrive utkasta sine der. Dei deler dokumentet med meg, av og til med medelevar, og får stadig tilbakemeldingar og respons på arbeidet sitt. Google dokument gjer det enklare for meg å følgje opp den enkelte, fordi alle inkluderte partar har teksten tilgjengeleg under heile prosessen. Eg slepp å samle inn bøker for å skrive tilbakemeldingar for hand. Rettleiing og vurdering tek vi undervegs. Det å skulle gå tilbake til noko ein skreiv for ei god stund sidan, verkar veldig demotiverande, spesielt på dei elevane som slit med å uttrykkje seg skriftleg.
I gjennomgang av nytt stoff brukar eg svært ofte digitale verktøy. I presentasjonar kan eg legge inn mange fleire element enn eg kan med vanleg tavleundervisning. Ved å legge inn bilete/illustrasjonar, video, musikk m.m., når eg fleire elevar på ulike måtar.
Elles brukar eg nettbaserte læringsressursar når vi skal repetere stoff eller øve på repeterande øvingar. Dei fleste av desse nettressursane er inndelte i nivå og vanskegrader. Sidan eg har få elevar, vel eg nøye ut kva for ressurs som passar til den enkelte elev. Her kan dei øve på å bli tryggare på område dei ikkje er komne i mål med.

Gir så IKT meirverdi i arbeidsmåtar uansett? Nei, er mitt svar. Og då må eg gå tilbake til innleiinga av dette innlegget. Undervisninga må vere variert. Å berre gje elevane digitale arbeidsmåtar er ikkje variasjon nok etter mi meining. Av og til må elevane kunne lytte til den gode forteljinga, øve på skrift i eiga bok, samtale og diskutere, lese høgt o.s.b. IKT er berre eit eit arbeidsverktøy og metode, som gjev svært gode moglegheiter for å variere undervisninga.
Eg avsluttar innlegget med enno eit utdrag frå St.meld. nr. 31, som summerer opp essensen av det eg ville ha fram:
"Også for bruk av IKT er det grunn til å tro at det ikke er metoden i seg selv, men lærernes faglige og pedagogiske kompetanse, som er avgjørende for læringseffekten. Bruk av IKT åpner for nye muligheter til å tilpasse opplæringen. 60 prosent av norske lærerne mener at IKT er et viktig verktøy for dette formålet. IKT kan også være viktig for å fornye opplæringen, og bruk av IKT bidrar ofte til at lærerne tar i bruk nye metoder for å organisere elevenes egenlæring og gir dem adgang til flere læringsressurser." St.meld. nr. 31 (2007-2008) “Kvalitet i skolen”
_____________________________________________________________________
Kjelder:Eg avsluttar innlegget med enno eit utdrag frå St.meld. nr. 31, som summerer opp essensen av det eg ville ha fram:
"Også for bruk av IKT er det grunn til å tro at det ikke er metoden i seg selv, men lærernes faglige og pedagogiske kompetanse, som er avgjørende for læringseffekten. Bruk av IKT åpner for nye muligheter til å tilpasse opplæringen. 60 prosent av norske lærerne mener at IKT er et viktig verktøy for dette formålet. IKT kan også være viktig for å fornye opplæringen, og bruk av IKT bidrar ofte til at lærerne tar i bruk nye metoder for å organisere elevenes egenlæring og gir dem adgang til flere læringsressurser." St.meld. nr. 31 (2007-2008) “Kvalitet i skolen”
_____________________________________________________________________
St.meld. nr. 31, Kvalitet i skolen (2007-2008) [Internett]Tiljengeleg frå: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-31-2007-2008-/3/1/5.html?id=516885 [Lasta ned 02.03.2011]
Ja, det er framleis "lærernes faglige og pedagogiske kompetanse" som set standard for kva som skjer i klasserommet - med eller utan IKT.
SvarSlett