onsdag 20. oktober 2010

Verkemiddel i biletkomposisjonar

I vårt etter kvart så visuelle samfunn, er det viktig å kjenne til dei ulike verkemidla som blir brukt i fotokunsten. Fargar, linjer, og perspektiv er nokre moment som kan gjere ein komposisjon god. Ved å lære om ulike verkemiddel, kan vi bli meir medvitne når vi vurderer andre sine bilete, og når vi komponerer våre eigne.

Under har eg sett på verkemiddel som er brukt i dette biletet eg fann på http://www.flickr.com/commons.




Biletet er teke i breiddeformat, og utstålar varme og harmoni. Hovudmotivet er eit einsleg tre,som her er plassert etter "tredjedelsregelen". På grunn av denne plasseringa, er treet det første som fengjer merksemda mi.

Biletet er delt i to hovuddelar, der 2/3-delar utgjer den varme, raudbrune åkeren som er plassert i framgrunnen. Denne står i sterk kontrast til den kalde blåfargen som utgjer den andre hovuddelen av biletflata. Der desse to flatene møtes, dannast ei horisontal linje, som skapar ro og harmoni. Spenninga i biletet synest eg først og fremst ligg i dette; altså kontrasten mellom den varme og den kalde fargen.

Ved å studere biletet endå nærmare, vil ein legge merke til det mørke området som ligg i framgrunnen av treet. Denne flata er ein trekant som strekkjer seg inn i biletet, og skapar ei skrå linje som bryt med den horisontale. Utan denne linja, hadde ikkje biletet blitt like spennande, etter mi meining. Dessutan skapar den mørke flata ei kontrast til treet, slik at dette kjem tydlegare fram.

Også det lysegule området til høgre på himmelen, trer etter kvart fram, og framstår som svært lys mot den mørke flata som ligg under. I tillegg er gulfargen komplementær til blåfargen på himmelen.

søndag 17. oktober 2010

Komposisjonar med glaskule

I dag har eg sett litt på første øvingsoppgåve i digital foto. Oppgåva var å finne eit motiv teke i breiddeformat.

Ja, kva skal ein så ta bilete av ein grå haustdag? Ingen barn og ingen dyr i sikte.... Tom for idéar fekk eg auge på ei slags krystallkule som ungane hadde drege fram, og som eg fleire gonger har vurdert å kaste i boss. Slik gjekk det til at eg tok kula med meg ut og plasserte den på altanrekkverket. 

Kula plassert etter tredjedelsregelen


Eg såg fort korleis biletet endra seg, alt etter kvar eg plasserte kula.... 

Kula midtstilt i biletet
Etter litt redigering i Picasa, forandra kula seg til reine glaskunsten.
Først brukte eg beskjeringsverktøyet for å komme meir inn på motivet. Deretter gjorde eg biletet skarpare, og fekk ved det fram fleire kontrastar i sjølve kula. Gråfargen som var i biletet i utgangspunktet var kjedeleg, difor la eg på ein djup blåfarge. I tillegg la eg til ein softeffekt på to av bileta, noko som gjorde kula litt svevande. Til slutt laga eg ein kvadratisk variant av biletet. 

Kva for eit bilete står så att som det mest spenstige av desse tre? I utgangspunktet synest eg at bilete med midtstilte hovudmotiv blir kjedelege og statiske. Men i desse døma, synest eg at bileta funkar sjølv om kula er midtstilt. Grunnen finn ein i linjene i rekkverket. Desse leier oss inn mot midten av biletet, der kula er plassert. Denne effekten er kanskje størst i biletet i breiddeformat, fordi linjene i rekkverket her tek ein større del av biletet. Sjølve softeffekten i dei to bileta der kula er midtstilt, hjelper også til at merksemda til kula raskt vert fanga av auge. Den skapar djupte og sentralperspektiv i biletet fordi den dusar ned heile biletet, så nær som midten. Dermed trer kula fram og får merksemd.

Kula i eit kvadratisk utsnitt






Digitale tekstar og plagiat

Vi kjenner godt til oppgåvetypen der elevane skal lage ein faktatekst og bruke nettet til å finne opplysningar. Om vi berre set elevane i gong slik utan vidare, vil vi fort finne ut at dei kopierer tekst frå ulike stader, for så å lime delane inn i eigen tekst. Denne erfaringa har eg gjort meg fleire gongar, som lærar på småskulesteget.

Denne oppgåvetypen ser ut til å vere vanskeleg, spesielt for yngre elevar. For det første finn dei det vanskeleg å sortere ut informasjon dei finn. For det andre synest dei det er vanskeleg å skrive om ei "nyttig" setning eller eit "nyttig" avsnitt. Det krevst mykje trening og erfaring for å meistre dette.

Av erfaring ser eg at det å bruke ei faktabok om temaet, kan vere nok i starten. (Mykje av stoffet dei finn på nettet, er slett ikkje tilpassa yngre lesarar!) Elevane må først bli trygge på korleis dei skal nytte fakta i eigen tekst, utan å kopiere. Som ein overgang til å klare seg sjølv, har eg brukt nettet saman med elevane for å finne opplysningar. I denne samanheng er det kjekt med interaktiv tavle! Saman finn vi viktig informasjon, ved å streke under tekst og samtale om innhald. Opplysningane tek vi med oss som stikkord inn i eit styrkenotat, tankekart eller liknande.
Arbeidsøkta endar opp med eit felles notat som elevane skal bruke i den vidare skrivinga. Dette trur eg kan vere ein måte å trene opp elevane til sjølvstendig skriving, utan å kopiere tekst frå andre.