I vårt etter kvart så visuelle samfunn, er det viktig å kjenne til dei ulike verkemidla som blir brukt i fotokunsten. Fargar, linjer, og perspektiv er nokre moment som kan gjere ein komposisjon god. Ved å lære om ulike verkemiddel, kan vi bli meir medvitne når vi vurderer andre sine bilete, og når vi komponerer våre eigne.
Under har eg sett på verkemiddel som er brukt i dette biletet eg fann på http://www.flickr.com/commons.
Biletet er teke i breiddeformat, og utstålar varme og harmoni. Hovudmotivet er eit einsleg tre,som her er plassert etter "tredjedelsregelen". På grunn av denne plasseringa, er treet det første som fengjer merksemda mi.
Biletet er delt i to hovuddelar, der 2/3-delar utgjer den varme, raudbrune åkeren som er plassert i framgrunnen. Denne står i sterk kontrast til den kalde blåfargen som utgjer den andre hovuddelen av biletflata. Der desse to flatene møtes, dannast ei horisontal linje, som skapar ro og harmoni. Spenninga i biletet synest eg først og fremst ligg i dette; altså kontrasten mellom den varme og den kalde fargen.
Ved å studere biletet endå nærmare, vil ein legge merke til det mørke området som ligg i framgrunnen av treet. Denne flata er ein trekant som strekkjer seg inn i biletet, og skapar ei skrå linje som bryt med den horisontale. Utan denne linja, hadde ikkje biletet blitt like spennande, etter mi meining. Dessutan skapar den mørke flata ei kontrast til treet, slik at dette kjem tydlegare fram.
Også det lysegule området til høgre på himmelen, trer etter kvart fram, og framstår som svært lys mot den mørke flata som ligg under. I tillegg er gulfargen komplementær til blåfargen på himmelen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar