Denne oppgåvetypen ser ut til å vere vanskeleg, spesielt for yngre elevar. For det første finn dei det vanskeleg å sortere ut informasjon dei finn. For det andre synest dei det er vanskeleg å skrive om ei "nyttig" setning eller eit "nyttig" avsnitt. Det krevst mykje trening og erfaring for å meistre dette.
Av erfaring ser eg at det å bruke ei faktabok om temaet, kan vere nok i starten. (Mykje av stoffet dei finn på nettet, er slett ikkje tilpassa yngre lesarar!) Elevane må først bli trygge på korleis dei skal nytte fakta i eigen tekst, utan å kopiere. Som ein overgang til å klare seg sjølv, har eg brukt nettet saman med elevane for å finne opplysningar. I denne samanheng er det kjekt med interaktiv tavle! Saman finn vi viktig informasjon, ved å streke under tekst og samtale om innhald. Opplysningane tek vi med oss som stikkord inn i eit styrkenotat, tankekart eller liknande.Arbeidsøkta endar opp med eit felles notat som elevane skal bruke i den vidare skrivinga. Dette trur eg kan vere ein måte å trene opp elevane til sjølvstendig skriving, utan å kopiere tekst frå andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar