søndag 28. november 2010

Smart med smarte tavler?

SmartBoard er namnet på ein type interaktiv tavle, som er på full fart inn i norske klasserom, - i alle fall i min heimstadkommune, Bremanger. Ved skulen eg arbeider på, har vi eitt SmartBoard til kvart klasserom, ein luksus mange misunner oss! Om det er så smart i forhold til læring, veit vi ikkje enno, då det er gjort lite forsking på området.(Jf. Seterås, Kristin B, HVO, 2010) Men etter mi erfaring er verktøyet svært motiverande å bruke i læringsprosessar, både for store og små.

Det å kunne bruke digitale verktøy er eit av dei fem grunnleggande ferdigheitene som er integrert i dei ulike kompetansemåla i LK06. I følge kunnskapsløftet skal elevane kunne uttrykkje seg gjennom ulike digitale medium, og kunne nytte digitale verktøy som eit læringsverktøy.(LK06)

Med tanke på dette er ei interaktiv tavle, etter mi meining, ein ståande invitasjon til å få oppfylt dette. Har du ei slik tavle montert i klasserommet, vert det naturleg å bruke det som eit digitalt verktøy i alle timar, i større eller mindre grad. Etter at eg sjølv fekk tilgang på SmartBoard er både krittavla, flippoveren og oppkoplinga av projektoren blitt ein saga blott.


Lista over fordelane med IAT (interaktiv tavle) er lang, og erfaringsmessig meiner eg dei viktigaste er at ein kan:

  • styre maskina ved tavla, og på den måten ha god kontakt med elevane
  • lagre tavlenotatar
  • få meir merksemd ved gjennomgang av nytt stoff
  • gjere klart undervisningsopplegga på førehand, med illustrasjonar, lyd, koplingar m.m.
  • la elevane få ta på/flytte på, og lage ulike objekt med berre hendene

Men fører IAT til meir læring?

Som sagt veit vi enno lite om læringseffekten i høve til bruk av IAT.  Det blir spennande å sjå kva svar forsking på området vi gje i framtida. Eg trur uansett at det vil bli ulik bruk av desse tavlene, fordi lærarar stiller med ulik digital kompetanse. Nokre vil utnytte verktøyet maksimalt, andre ikkje, om dei då ikkje får naudsynt  opplæring.  Om ein skule vel å investere i IAT, meiner eg det er like viktig å invistere rikeleg med tid til å lære seg verktøyet skikkeleg. Om verktøyet blir godt utnytta, trur eg dette er ein god veg å gå, og at læringseffekten kjem. (Jf. Skrindo, A.B, IT-avisa)
_____________________________________________________________________

Kjelder:
Brekke, A. S. (2009), Interaktive tavler - pedagogisk forbedring eller bare moro?, IT-avisa,[Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.it-avisa.uio.no/nyheter/2009/interaktive-tavler.html

Kunnskapsdepartementet (2006): 
 Læreplanverket for Kunnskapsløftet. (LK06)
URL: www.utdanningsdirektoratet.no/lk06

Seterås, K.B (2010):
 Samling 3_Interaktive tavler_ DKL101 haust 2010,  Høgskulen i Volda: publisert som PDF i LMS





lørdag 27. november 2010

Digitale tankekart

Tankekart er eit godt verktøy å nytte i mange samanhengar. Sjølv brukar eg det ofte, fordi det hjelper meg til å strukturere tankar og disponere kunnskap. I arbeid med elevar har eg som oftast brukt det til idémyldring, eller til framstilling og gjennomgang av ulike tema.

Å visualisere tankar og kunnskap i høve til planlegging og idéfase er viktig i alle fag, så kvifor berre nytte det i til dømes norsk? Eg stiller spørsmålet, fordi eg har erfart at det er i lærebøker for norskfaget det først og fremst vert vist til verktøyet.

Handskrivne tankekart er nok mykje brukt i skulen i dag, men i følje Høiland og Wølner er det framleis ikkje så vanleg at ein nyttar seg av digitale tankeverktøy. (Høiland og Wølner, 2007) Sjølv har eg i undervisningssamanheng nytta verktøyet som finns i Microsoft Office Word, som i 2010 versjonen heiter Smart Art. At det finns gode digitale tankekart gratis på nettet var nytt for meg, -nok ei hyggeleg overrasking for ein over middels digitalt interessert   lærar!


I forbindelse med Mappe 1, skreiv gruppe 8 om eit undervisningsopplegg der elevane skulle dele tankekart med kvarandre i forkant av ein skriveprosess. I den samanheng viste vi til programmet Freemind. Det spesielle med dette verktøyet, er at ein kan strekke og dele “greinene” slik at ein kan forme kartet til eit bilete.

På tredje samling fekk vi ioppgåve å laste ned programmet Mindomo. Personleg likte eg dette programmet mykje betre enn Freemind. Eit stort pluss i høve til dette programmet, er at det går an å dele med andre. Programmet har også ein fin introduksjonsvideo, noko som gjorde at ein kom raskt i gong. 



På samling tre, fekk vi i oppgåve å bruke  Mindomo, når vi skulle finne fordelar og ulemper ved digitale tankekart  kontra tankekart på papir. Under har eg limt inn resultatet av “argument-sankinga”.


_______________________________________________________


Kjelder:
Freemind [Internett] Tilgjengeleg frå , http://freemind.sourceforge.net/wiki/index.php/Main_Page
Høiland, T. og T.A. Wølner, 
(2007) Fra digital ferdighet til kompetanse, Oslo, Gyldendal Akademisk Forlag
Mindomo [Internett] Tilgjengeleg frå , http://www.mindomo.com/

onsdag 24. november 2010

Publisering av bilete

På tredje samling hadde vi ei innføring i opphavsrett og personvern. Diskusjonane gjekk i stor grad ut på kva som var lov og ikkje i høve til å  publisere fotografiske bilete på Internett. For å komme inn på ulike problemstillingar, hadde Kjell laga til nokre øvingsoppgåver som vi skulle løyse. 


På bileta til venstre er løysinga til gruppe 8, og hugseregelen som blei laga utover i leksjonen.
Som lærarar er det viktig at vi kjenner til og formidlar desse reglane tydeleg.


Solvang skule sin IKT-plan (Gran kommune), under Nettvett_Bilder nivå 1,2 og 3,  er det laga konkrete og gode spørsmålstillingar som elevane skal tenkje over i høve til publisering av bilete på nettet. Her finn ein og fleire lenkjer til stader der det er lovleg å hente bilete.


_________________________________________________________________________________
Kjelder:
Antvort, K. (2010): Samling 3_opphavsrett og personvern DKL101 haust 2010,  Høgskulen i Volda: publisert som PDF i LMS

[Tilgjengeleg frå Internett] Pedagogisk IKT-planhttp://solvang.skole.gran.no/index.php?pageID=253&page=pedagogisk_ikt-plan


tirsdag 23. november 2010

Arbeid med lyd i undervisninga

I samband med mappeoppgåve 3 har vi arbeidd med lyd som pedagogisk tekst. Dette har opna mange nye dører i høve til mi eiga undervisning. Det var utruleg inspirerande å bli kjend med programmet Audacity, som til og med er gratis! Dette var noko anna enn Windows sin lyd-og lydinnspelings-
funkjson, (program som føl med Window sin programvare), som eg har nytta tidlegare i komposisjonsarbeid og skaping av lydkulissar.

Det krydrar undervisninga når ein kan ta i bruk lydfiler som element. I løpet av arbeidet med lydleksjonane og øvingsoppgåvene har eg mellom anna lært:

- å spele inn lyd ved hjelp av Audacity
- å redigere lyd i Audacity
- å laste ned ei fil og opne den i Audacity
- om korleis få tak i lydfiler og musikk
- om korleis komprimere filer i Audacity til Mp3-filer

Den nye kompetansen har gjort meg trygg i høve til å nytte lyd i undervisninga. Eg er allereie godt i gong, og viser til slutt tre konkrete døme på dette.

a) Musikk: Elevane har spelt inn sine eigne lydkomposisjonar, (Dette gjorde vi på SmartBoard gruppevis. I neste omgang skal dei dele filene med kvarandre i Google.doc.)


b) Engelsk: Eg har lese inn tekst (gloser og lesestykke frå læreboka) i eit sakte tempo. Dette er gjort spesielt med tanke på ein elev med spesialundervisning. Lydfilene deler eg med elevane på Google.doc. Dermed får dei også trent på lesing/uttale heime.


c) Legge lydfiler til ulike objekt i SMART-Notebook verktøyet. (Kan nyttast i alle fag)



________________________________________________
Kjeldeliste:
Antvort, K. (2010): Lyd DKL101 haust 2010, leksjon 1 og 2. Høgskulen i Volda: publisert som PDF i LMS
Bileta [Tilgjengeleg frå Internett] http://www.google.no/images?q=Audacity&hl=no&prmd=iv&source=lnms&tbs=isch:1&ei=xxPsTKCpHcKAOpfXlFQ&sa=X&oi=mode_link&ct=mode&ved=0CA4Q_AU&biw=1280&bih=662

Audacity [Tilgjengeleg frå Internett] http://audacity.sourceforge.net/?lang=nb








mandag 22. november 2010

Pedagogisk bruk av rekneark

Rekneark er eit verktøy eg har brukt alt for lite av i undervisningssamanheng. Det er nok fleire grunnar til det, men det er nok først og fremst fordi eg har tiløyrt gruppa lærarar som manglar naudsynt kompetanse for utnytte verktøyet. Det betyr ikkje at eg ikkje har nytta rekneark i det heile, for det har eg, men berre i beskjeden grad i matematikkfaget der læreboka har vore rettleiande.

Etter ei kjapp innføring i emnet, har eg fått mange nye, gode idéar. Eg kjenner meg meir klar for å ta i bruk reknearket også i andre fag. Under har eg lista opp nokre forslag til korleis reknearket kan vere til nytte i ulike fag. 

Fag
Idéar til oppgåver med rekneark
(Tek utgangspunkt i kompetansemål i LK06)
Matematikk
·         Bruke reknearket til å utforske strukturar i talmønster og geometriske mønster
·         Oppgåvetypar der elevane får trening i å bruke referansesystemet (koordinatsystem)
·         Lage “drilloppgåver” i dei fire rekneartane; kan tilpassast den enkelte elev, slik at dei trenar på reknestykke som ikkje er automatiserte.
·         Lage budsjett og handlelister
·         Lage undersøkingar og framstille desse i tabellar og søylediagram
·         Oppgåver der ein skal finne median, typetal og gjennomsnitt (t.d. måle temperatur, høgde, alder…)
Norsk
Samfunnsfag
·         Lage spørjeundersøkingar
·         Presentere samfunnsfaglege undersøkingar
·         Oppgåver som har fokus på pengebruken til gutar og jenter; lage budsjett ut i frå elevane sine lommepengar
Naturfag
·         Registrere og framstille resultat i forsøk og feltarbeid
Engelsk
·         Lage ark der elevane kan trene på gloser
·         Lage glosetestar med skjult fasit
Mat og helse
·         Lage budsjett i høve til produksjon og sal av mat (Eksempel; elevbedrift, kantinedrift, kiosk på elevarrangement…)
Kroppsøving
·         Gjennomføre og vurdere eigentrening over ein periode. Elevane kan til dømes notere puls, og samanlikne resultat og stigande formkurve.



________________________________________________________________
Matematikk.org [Internett]Tilgjengeleg frå: http://www.matematikk.org/uopplegg/vis.html?tid=83962&modus=elev
Sæterås, K.B (2010): Rekneark 2_pedagogisk bruk av rekneark_ DKL101 haust 2010 Høgskulen i Volda: publisert som PDF i LMS
Skolenettet.no [Internett] Tilgjengeleg frå: http://skolenettet.no/Web/Veiledninger/Templates/Pages/ArticleWithNavTable.aspx?id=58565&epslanguage=NO