På tredje samling hadde vi ei innføring i opphavsrett og personvern. Diskusjonane gjekk i stor grad ut på kva som var lov og ikkje i høve til å publisere fotografiske bilete på Internett. For å komme inn på ulike problemstillingar, hadde Kjell laga til nokre øvingsoppgåver som vi skulle løyse. På bileta til venstre er løysinga til gruppe 8, og hugseregelen som blei laga utover i leksjonen.
Som lærarar er det viktig at vi kjenner til og formidlar desse reglane tydeleg.
På Solvang skule sin IKT-plan (Gran kommune), under Nettvett_Bilder nivå 1,2 og 3, er det laga konkrete og gode spørsmålstillingar som elevane skal tenkje over i høve til publisering av bilete på nettet. Her finn ein og fleire lenkjer til stader der det er lovleg å hente bilete.
_________________________________________________________________________________
Kjelder:
Antvort, K. (2010): Samling 3_opphavsrett og personvern DKL101 haust 2010, Høgskulen i Volda: publisert som PDF i LMS[Tilgjengeleg frå Internett] Pedagogisk IKT-plan, http://solvang.skole.gran.no/index.php?pageID=253&page=pedagogisk_ikt-plan

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar