Det å kunne bruke digitale verktøy er eit av dei fem grunnleggande ferdigheitene som er integrert i dei ulike kompetansemåla i LK06. I følge kunnskapsløftet skal elevane kunne uttrykkje seg gjennom ulike digitale medium, og kunne nytte digitale verktøy som eit læringsverktøy.(LK06)

Lista over fordelane med IAT (interaktiv tavle) er lang, og erfaringsmessig meiner eg dei viktigaste er at ein kan:
- styre maskina ved tavla, og på den måten ha god kontakt med elevane
- lagre tavlenotatar
- få meir merksemd ved gjennomgang av nytt stoff
- gjere klart undervisningsopplegga på førehand, med illustrasjonar, lyd, koplingar m.m.
- la elevane få ta på/flytte på, og lage ulike objekt med berre hendene
Men fører IAT til meir læring?
Som sagt veit vi enno lite om læringseffekten i høve til bruk av IAT. Det blir spennande å sjå kva svar forsking på området vi gje i framtida. Eg trur uansett at det vil bli ulik bruk av desse tavlene, fordi lærarar stiller med ulik digital kompetanse. Nokre vil utnytte verktøyet maksimalt, andre ikkje, om dei då ikkje får naudsynt opplæring. Om ein skule vel å investere i IAT, meiner eg det er like viktig å invistere rikeleg med tid til å lære seg verktøyet skikkeleg. Om verktøyet blir godt utnytta, trur eg dette er ein god veg å gå, og at læringseffekten kjem. (Jf. Skrindo, A.B, IT-avisa)
_____________________________________________________________________
Kjelder:
Brekke, A. S. (2009), Interaktive tavler - pedagogisk forbedring eller bare moro?, IT-avisa,[Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.it-avisa.uio.no/nyheter/2009/interaktive-tavler.html
Kunnskapsdepartementet (2006): Læreplanverket for Kunnskapsløftet. (LK06)
URL: www.utdanningsdirektoratet.no/lk06
Seterås, K.B (2010): Samling 3_Interaktive tavler_ DKL101 haust 2010, Høgskulen i Volda: publisert som PDF i LMS
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar